Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiekatalogen 2010-2011

Slektsgransking, delstudium


Historisk institutt ved Høgskulen i Volda i samarbeid med foreininga DIS-Norge (Databehandling i slektsforskning: http://www.disnorge.no/) tilbyr 15 studiepoeng i slektsgransking. Studiet tek sikte på å gje deltakarane grunnleggjande innsikt i korleis ein driv slektsgransking på historiefagleg forsvarleg nivå, og er delt i to emne, Slektsgransking I og II, der det andre byggjer på det første. Det vil vere høve til å ta berre eitt av emna.

Studiet er delfinansiert med studieavgift, kr 6000 + semesteravgift.

Karrierevegar

Studiet i slektsgransking følgjer metodeprinsippa i ordinære historiestudium med stor vekt på konkret problemløysingi høve eit komplekst kjeldemateriale. Det gjev i tillegg reell kompetanse for arbeid i arkiv.

Kort om programmet

Slektsgransking som fritidsaktivitet er i sterk vekst, ikkje minst fordi Arkivverket i Noreg stadig legg arkivmateriale på Internett i form av skanna mikrofilm. Alle norske kyrkjebøker som ikkje er sperra av personvernomsyn, kan no nyttast fritt av alle, og anna historisk kjeldemateriale av interesse for slektsgranskarar vil kome i stort omfang dei næraste åra.

Flytting og byvokster har òg synt at den generelle interessa for å finne røter og opphavssituasjonar er aukande. Det er da viktig at denne interessa får eit fagleg forsvarleg fundament, slik at ein unngår useriøs tilnærming til fagfeltet. Dette kan òg stimulere til auka forståing for kulturbasert reiseliv i nye befolkningsgrupper.

Dette lærer du

Det blir i første emne lagt størst vekt på å gje studentane forståing for fagområdet og oversyn over dei mest brukte kjeldene og arbeidsmetodane ein nyttar i slik aktivitet. Dei mest sentrale kjeldene, kyrkjebøkene og folketeljingane, blir grundig behandla. Ein får òg ei kort innføring i gotisk handskrift og ei første innføring i arbeid med originalkjelder i arkiv.

I det andre emnet får studentane meir systematisk kjennskap til korleis ein løyser forskjellige problem ein støyter på i noko meir vidaregåande slektsgransking. Dei skal m.a. vere i stand til å skrive slektsbøker og behandle slektsforhold i biografiar og lokalhistorisk litteratur på ein fagleg forsvarleg måte.

Slik er studiet lagt opp

Høgskulen tilbyr studiet i form av to emne, Slektsgransking I og II, kvart på 7,5 studiepoeng, slik at studiet samla gir 15 studiepoeng. Slektsgransking II vil byggje på Slektsgransking I eller tilsvarande kompetanse. Meir røynde slektsgranskarar kan derfor starte med Slektsgransking II.

Studiet er nettbasert og har som føresetnad at studentane har tilgang til Internett og elementær kjennskap til tekstbehandling og internettbruk. Undervisninga blir gjeven i form av lydførelesingar som kan høyrast via Internett.

Studiet er praktisk opplagt. Læringa skal i hovudsak skje gjennom praktiske arbeidsoppgåver der studentane må nytte dei viktigaste kjeldene og metodane på konkrete situasjonar innanfor fagområdet. Det blir laga ein semesterplan med faste fristar for innlevering av obligatoriske oppgåveutkast og diskusjonsinnlegg.


Utdanningsnivå:
Vidareutdanning, lågare grad
Søknadskode:
4022 i lokalt opptak
Studiestart:
Januar 2010

Studiepoeng (ECTS):
15
Søknadsfrist:
1. desember
Studielengd:
2 semester (deltid)

Opptakskrav:

Generell studiekompetanse


Kontakt:

Arnfinn Kjelland, tlf. 70 07 51 06, arnfinn.kjelland@hivolda.no

Sjå også nettsida til studiet